Heisenbergs uskarpleiksrelasjon

Heisenbergs uskarpleiksrelasjon i kvantemekanikken seier at ein ikkje kan nøyaktig måle posisjonen og rørslemengda til ein partikkel samstundes. Dermed vil ei nøyaktig måling av posisjonen til partikkelen føre til ei meir unøyaktig måling av rørslemengda og omvendt. Tilsvarande gjeld òg andre kvantemekaniske storleikar, slik som tid og energi. Uskarpleiksrelasjonen er gjeven av Planckkonstanten og er ein fundamental eigenskap ved kvantemekanikken som ein ikkje kan unngå eller omgå på nokon måte. Uskarpleiksrelasjonen er innarbeidd som ein naturleg del av ulike formuleringar av kvantemekanikken. Til dømes har kvantemekaniske objekt både partikkel- og bølgjeeigenskapar (sjå bølgje-partikkel-dualisme) og uskarpleiksrelasjon seier at det er umogeleg å samstundes observere eit objekt som partikkel og bølgje. Uskarpleiksrelasjon vart oppdaga og formulert av Werner Heisenberg i 1927 og har hatt mykje å seie for forståinga og tolkinga av kvantemekanikken. Den tolkinga som vart gjeven av Werner Heisenberg og Niels Bohr vart òg kalla Københavntolkinga. Matematiske formulerer ein Heisenbergs uskarpleiksrelasjon som Δ x Δ p ≥ h 4 π {\displaystyle \Delta x~\Delta p\geq {\frac {h}{4\pi }}\,} der Δx er uvissa i posisjonen, Δp er uvissa i rørslemengda og h er Planckkonstanten. Tilsvarande gjeld òg at Δ t Δ E ≥ h 4 π {\displaystyle \Delta t~\Delta E\geq {\frac {h}{4\pi }}\,} der Δt er uvisse i tid og ΔE er uvisse i energi. Produktet av måleuvissa i dei to storleikane kan altså aldri bli mindre enn ℏ.


Developed by StudentB